Workshop

Notelesning – fra zero til hero (for inspisienter)

 Produsert av Den Norske Opera og Ballett

    08. jun 09:00 (mandag)
    Den Norske Opera & Ballett (Oppmøte sceneinngongen)

Ingen inspisient har vel null peiling på musikk eigentleg, men ein har kanskje null sjølvtillit på notelesing?

----- Dersom du var med på dette kurset i 2025, eller hvis har litt kunnskap fra før, så kan kurset Notelesing 2.0 være mer riktig for deg.
Et noteark foran en teaterscene

Kursinnhald / Program

09:00-16:00:
Grunnleggjande noteteori (1 time)
Lesing partitur/klaveruttog (2 timar)
Omvising operaen med vekt inspisientarbeidet her (1 time)
Prøving i å cue etter notar (2 timar)

Det blir lagt inn pausar og lunsj, og opplegget kan justerast etter behov og ønsker fra deltakere.

Som notemateriale nyttar vi m.a. døme frå Operaens framsyningar, og vi ser gjerne at kursdeltakarane har med materiale de treng hjelp med.

Bildet er fra kurset i fjor. Foto: Lars Opstad

På Operaen gjev vi (= inspisientane) alle signal til lys, loft, scene, aktørar og andre med utgangspunkt i musikken, og vi har notar som manus også i ballett. Vi må lett kunne finne fram til kor vi er i musikken for å gje signalet på rett tid i framsyninga. Vi må derfor kunne "høyre" musikken i det vi ser på papiret.

Det er dette kurset siktar mot. Det er ikkje gjort på ein dag å bli øvd sjølvsagt, men sjølve notelesinga er prinsipielt mogleg å lære seg på få timar. Vi startar frå null med at "dette er ein note" og målet er at vi ender dagen med at du greier å følgje med i boka som ein helt!

Leiar for kurset er Johan H. Neergaard

Johan er lektor i musikk, arbeidd som teaterlærar, kordirigent, og 22 år som inspisient på Operaen på om lag 80 større produksjonar.

Han får hjelp av sine gode inspisientkollegaer utover dagen.

Trass veldig gode tilbakemeldinger på tilsvarende kurs under Heddadagene 2025, garanterer vi ingenting ut over at du vil få ein fin dag på Operaen, og truleg litt betre sjølvtillit på notelesing.

No alt text

Informasjon

Varighet: 7 timer

Heddadagene og Heddaprisen presenteres av

Meld deg på vårt nyhetsbrev og våre pressemeldinger

Kontakt oss:

Norsk teater- og orkesterforening,
Rosenkrantzgate 9, 0159 Oslo
Tel: 23 10 09 90