Produsert av Det Norske Teatret

Pelicot-rettssaka
av Milo Rau & Servane Dècle
Med heile samfunnet som vitne.
Pelicot-rettssaka sjokkerte verda i 2024. Ektemannen og 50 andre menn blei funne skuldige i systematisk neddoping og valdtekt av Gisèle Pelicot i nærare ti år.
Pelicot gav opp anonymiteten sin og bestemte at rettssaka skulle gå for opne dører. I rettssalen erklærte ho at ho ønskte at «heile samfunnet skulle vere vitne». Ho blei med eitt eit feministisk ikon, med bodskapen om at skamma må byte side, frå offer til gjerningsperson.
Hovudscena blir rettsal
Denne ettermiddagen blir Hovudscenen på Det Norske Teatret gjort om til ein rettssal, der Ane Dahl Torp, Ellen Horn, Jae Nyamburah og 26 skodespelarar frå Det Norske Teatret skal gjenskape rettsprosessen i ei fire timar lang framsyning.
Regissør Milo Rau og dramaturg Servane Dècle har alt iscenesett rettssaka i Wien, Lisboa, Warzawa og Stockholm. I løpet av våren følger Milano og New York etter. Stykket blir berre framført éin gong i kvar by.
Kva ligg bak?
«Gjennom Pelicot-rettssaka er det oss sjølve og samfunnet vårt som står for retten», seier regissør Milo Rau, som med dette stykket ønskjer å tvinge samfunnet til å konfrontere patriarkalsk vald, offerklandring og ansvarsfråskriving.
I dette møtet mellom dokumentarteater og dramatisert lesing av rettsdokumenta undersøkjer Rau og Dècle kva som kan ligge bak dei grufulle handlingane Gisèle Pelicot blei utsett for, i ei sterk framsyning som Le Monde har kalla «ein milepæl innan teaterkunsten.»
Framsyninga vil først bli framført i Johanneskirken under
Informasjon
Varighet: 4 timer
Kategorier:
Krediteringer
Medvirkende: Ane Dahl Torp, Jae Nyamburah,
Research, tekst og regi: Milo Rau og Servane Dècle
Dramaturg: og produsent: Nastasia Griese
Takk til: Adèle Bossard, Caroline Darian, Jean-Philippe Deniau, Lola Lafon, Britta Sandberg og Center Norbert Elias CNRS-Marseille