Produsert av Det Norske Teatret

Once
av Enda Walsh, Glen Hansard & Markéta Irglová
Verdas koselegaste musikal?
Den jordnære historia og den upolerte musikken i Once har bergtatt publikum og treft dei midt i hjartet der den har blitt spelt. Musikken spelar sjølve hovudrolla i denne musikalen, som handlar om musikkens kraft i møtet mellom to kvardagsmenneske.
Once er ein litt annleis musikal, der musikken har ein naturleg plass og kjem til live framfor auga til publikum. Vi møter Han, som har mista trua på både musikken og kjærleiken. Til dagleg jobbar han på farens støvsugarverkstad, men dagane er monotone. Mesteparten av tida tenkjer han på eksen. Ein dag Han står på gata i heimbyen Dublin og spelar ei låt han har skrive til henne, kjem aleinemora Ho forbi. Ho blir fullstendig trollbunden av låta han spelar, og møtet dei imellom gir lysta tilbake på både musikken, kjærleiken og livet. Med det kvervlar dei to inn i eit musikalsk kjærleikseventyr der dei uttrykker alt dei ikkje kan seie til kvarandre gjennom irskinspirert folkrock.

Informasjon
Varighet: 2 timer og 30 minutter
Kategorier:
Krediteringer
Manus: Enda Walsh
Musikk og songtekstar: Glen Hansard & Markéta Irglová
Basert på filmen skrive og regissert av: John Carney
Framført etter avtale med: Music Theatre International
Omsetjing: Frida Ånnevik
Regissør og koreograf: Jakob Höglund
Scenograf og kostymedesignar: Sven Haraldsson
Lysdesignar: Gyril Høgberg
Musikkansvarleg: Eeva Kontu
Musikalsk innstudering: Ståle Sletner
Dramaturg: Siri Løkholm Ramberg