Produsert av Det Norske Teatret

Ikkje ein lyd
av Arne Lygre
Om å vende tilbake, om å møte framande, om at det framande kan bli til noko kjent
Rakel har vendt tilbake til øya der ho vaks opp. Det er nokre år sidan no. Ho kom frå Oslo der ho budde altfor lenge, ifølgje henne sjølv. No finn ho glede i at fleire gjer som henne. I Arne Lygres siste stykke Ikkje ein lyd møter vi sju ulike menneske som bur på same øya. Alle ber på eit ønske om å leve meir sannferdig, setje pris på det ein har, vere saman og kjenne på at dei er mindre einsame. Dei er ikkje lenger unge, og dei slit med ei oppleving av å mangle noko i livet. Dei treng å høyre til ein stad. Ein fellesskap.
Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.
Informasjon
Varighet: 2 timer og 30 minutter
Kategorier:
Krediteringer
Regi: Johannes Holmen Dahl
Scenograf og kostymedesignar: Nia Damerell
Lysdesignar: Martin Myrvold
Komponist: Alf Lund Godbolt
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Medvirkende: Thea Lambrechts Vaulen, Preben Hodneland, Kyrre Hellum, Marie Blokhus, Sara Khorami, Leo Magnus de la Nuez, Vetle Bergan