Produsert av Den Nationale Scene

Gitarmannen
av Jon Fosse
Gitarmannen
Skal nokon lykkast. Må vel også nokon mislykkast
Ein mann står i undergangen og syng. Dei same songane, dag etter dag. Folk går forbi. Nokre gir ein mynt. Dei fleste ser ned. Men kven er han, og kva ber han på?
Når vi møter gitarmannen, har han gått inn på ein bar. Der byrjar han å fortelje. Om livet på gata, om dei han møter, og om det valet han har. Med sår røyst opnar han døra til eit liv levd i skuggen og let oss skimte eit liv få har sett, men mange har gått forbi. Det handlar om livets tilfeldigheiter, moglegheiter vi tok og gav avkall på, og om å finne meining i det ein har.
Jon Fosses monolog «Gitarmannen» vart i si tid skrive til skodespelar Bjørn Willberg Andersen. No, tretti år seinare, skal han endeleg ta teksten til scenen. Og det med nyskriven musikk av Lars Lillo-Stenberg.
Informasjon
Varighet: En time og 10 minutter
Kategorier:
Krediteringer
Medvirkende: Bjørn Wilberg Andersen
Regi: Ida Høy
Visuelt konsept: Randiane Sandboe
Musikk: Lars Lillo-Stenberg
Dramaturg: Lillian Bikset