Presentert av Det Norske Teatret

Det har vore eit fantastisk år
av Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud
Det har vore eit fantastisk år
- Hjelp, vi jobbar i våpenbransjen!
Ein crazy-komedie om eit av dei store paradoksa i fredsnasjonen Noreg. Det blir revysongar, slapstick og rakettmissil!
Dette blir dødsmoro!
Medan krigane rasar ute i verda, har det vore eit ganske ellevilt år i våpenbransjen. Det har vore eit fantastisk år er ein komedie om våpen, intrigar og kjærleik. Om kva vi tener pengar på, kva vi skammar oss over, kva vi er stolte av – og ikkje minst om det herlege, yrande livet på ein arbeidsplass der verdas uro lurer i bakgrunnen.
Laga i rakettfart
Utgangspunktet for denne fiksjonen er den faktiske årsrapporten til Kongsberg Gruppen som blei lagt fram 26. mars i år. Same dag bretta regissørar og ensemblet ermene opp, og sette i gong med å lage ei framsyning som er både leiken og skyt frå hofta. Publikum kan forvente sprø idear, elleville innfall, ufiltrert humor og rølpete stemning blanda med tørre bedriftsfakta. Stikkordet for framsyninga er skyhøge ambisjonar og låge skuldrer.
Velkommen til årsmøte!
Du er med dette invitert på årsmøte i Kongsberg Gruppen, der rapporten skal bli lagt fram. Vi får mellom anna møte konsernsjefen, møteplagaren, den nye SOME-ansvarlege (som skal snakke om våpen på ungdommens språk) og direktør for konsernkommunikasjon, som vil legge fram det nye slagordet. Deretter blir alle med på sommarfesten, og det heile byrjar å skli litt ut...
PASSAR FRÅ 15 år.
ANDRE MEDVERKANDE I tillegg til dei som er på lista opp i skodespelaroversynet, vil også Oda Radoor, Simen Formo Hay og Herman Enkerud vere med på scenen
Informasjon
Varighet: En time og 45 minutter
Kategorier:
Krediteringer
Medvirkende: Kjersti Dalseide, Johan Hveem Maurud, Geir Kvarme, Ellen Birgitte Winther, Kirsti Refseth, Jon Bleiklie Devik, Ingrid Jørgensen Dragland, Iben Alida, Pål Christian Eggen, Leo Magnus de la Nuez, Hallvard Holmen, Hilde Olausson
Regi: Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor
Scenografi, kostymedesignar og design: Herman Enkerud