Produsert av Det Norske Teatret

Da vi var yngre
av Oliver Lovrenski
Eit samla kritikarkorps hylla Da vi var yngre da boka kom i 2023. No er boka tatt til scenen i Aksel Hennies regi med Jonas Benyoub i hovudrolla som Ivor.
Berre 19 år gammal gav Oliver Lovrenski ei skildring av Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje hadde kjennskap til frå før. Forfattaren blei omtala som ein slags speeda Ivar Aasen, som samla og leika seg med gatespråket.
Da vi var yngre er ei rå forteljing frå gatelivet på Grønland, der ungdom frå TikTok-generasjonen skaffar seg kjappe flus ved å selje næs. Det handlar om vennskap, jenter, sorg, rus og om å overleve i dagens Oslo. Vi får eit sjeldan innblikk inn i eit røft miljø, og ei intens og rå oppvekstskildring, fortalt med varme og humor.
Informasjon
Varighet: En time og 30 minutter
Kategorier:
Krediteringer
Medvirkende: Jonas Benyoub, Astin Souleymane, Randin Kummeneje
Av: Oliver Lovrenski
Regissør: Aksel Hennie
Scenograf og kostymdeseignar: Dagny Drage Kleiva
Lysdesignar: Reidar A. Richardsen