Produsert av Det Norske Teatret

Europavisjonar
av Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor
Ein Eurovision-musikal!
Kva skjer når Vladimir Putin, Angela Merkel, Boris Johnson og ei rekke andre gyv laus på kjente Eurovision-hits, og syng seg gjennom 35 år med europeisk historie? Kven har den beste visjonen for Europa? Det er det sjølvsagt du i publikum som bestemmer!
Velkommen til den viktigaste songkonkurransen i historia: Europavisjonar! På scenen står dei mest sentrale politikarane frå 1989 til i dag. Storbritannia, Russland, NATO, EU, ytre høgre og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deiligedansenummer. Dei bruker stemma si i jakta på stemma di! Og dei gjer det med songar frå Eurovision Song Contest.
Kva for visjon vil du stemme på? Vekst, shopping og kapitalisme? Opprusting og maktbalanse? Eller kva med EUs tunge byråkrati? Bli med og stem!
Bak manus og regi står mellom andre Simen Formo Hay, som sette i scene Døden på Oslo S på Økernsenteret for Nationaltheatret. Framsyninga fekk Heddaprisen for «Årets teaterforestilling».
Vinner av Heddapris i 2025 - tilbake på scenen i 2026!
“Overdådig er et begrep som i denne sammenhengen kommer til kort. Her er det fest og maksimalisme i alle ledd, med 150 strass- og paljettdekte kostymer, powerdresser og dekorasjoner som oser av party og glam og sprenger scenerommets rammer. Men under fyrverkeriet og paljettene buldrer uroen for Europas framtid.” – Heddajuryen
Europavisjoner vant Heddapris i 2025 for BESTE SCENOGRAFI/KOSTYMEDESIGN og var nominert til BESTE AUDIOVISUELL DESIGN og BESTE MUSIKKTEATERFORESTILLING.

Informasjon
Varighet: 3 timer
Kategorier:
Krediteringer
Regissør: Simen Formo Hay
Musikkansvarleg: Benjamin Giørtz
Medregissør: Johan Hveem Maurud
Scenograf og lysdesignar: Oscar Udbye
Dramaturg: Oda Radoor
Kostymedesignar: Cårejånni Enderud
Koreograf: Simen Gloppen
Videodesignar: Thomas Gallagher
Medvirkende: Ingeborg S. Raustøl, Heidi Gjermundsen Broch, Morten Svartveit, Gard Skagestad, Natalie Bjerke Roland, Gina Bernhoft Gørvell, Carl Martin Eggesbø, Rafid Arsalan Islam, Ellen Birgitte Winther, Pål Christian Eggen, Kaia Varjord, Hallvard Holmen, Jon Bleiklie Devik, Hilde Olausson, Jae Nyamburah, Amell Basic