Produsert av Det Norske Teatret
15 år
av Katrine Nedrejord
15 år
I 2026 er det 15 år siden den største terrorhandlinga på norsk jord nokonsinne. 15 år er både kort og lang tid. For dagens 15-åringer er terroråtaket mot regjeringskvartalet og AUFs sommarleir i 2011 noko som skjedde ”i gamle dagar”, nesten som 2. verdsskrig. Men for dei av oss som hugsar dagen, er det som det skjedde i går.
Dei siste månadane har vi snakka med overlevande og etterletne etter terroråtaket. Vi har spurt kva som motiverte dei til å dra til Utøya i utgangspunktet. Kvifor vart de politisk aktive? Var alle eigentleg politisk aktive? Kva var de opptatt av før terroren ramma? Vi har høyrt historier om engasjement, glede, samhald, håp, fest, forelsking, bading og solnedgang. Tett fulgt av historier om frykt, liing, sinne, smerte og sorg. Vi har snakka med fagpersonar som jobbar med demokratiforsking og formidling av kunnskap om åtaket. Vi har snakka med PST om radikalisering. Og ikke minst har vi snakka med mange som er rundt 15 år i dag, og stilt mange av dei same spørsmåla: kva er du opptatt av? Kva engasjerer deg? Kva for saker er dei viktigaste for deg?
Til saman har alle desse røystene blitt til ei brokete og samansatt gjengiving av ein intens periode av norsk samtidshistorie.
Dette er framsyninga 15 år.
Dramatikar Katrine Nedrejord har skrive teksten på bakgrunn av intervjua og den finske regissøren Tatu Hämäläinen skal sette teksten i scene.
Informasjon
Kategorier:
Krediteringer
Regi: Tatu Hämäläinen