Workshop

Notelesning – fra zero til hero (for inspisienter)

 Produsert av Den Norske Opera og Ballett

  • Kapasitet: Inntil 6 deltakere
  • Påmeldingsavgift: Gratis

Ingen inspisient har vel null peiling på musikk eigentleg, men ein har kanskje null sjølvtillit på notelesing? På Operaen gjev vi alle signal til lys, loft, scene, aktørar og andre med utgangspunkt i musikken, og vi har notar som manus også i ballett. Vi må lett kunne finne fram til kor vi er i musikken for å gje signalet på rett tid i framsyninga. Vi må derfor kunne "høyre" musikken i det vi ser på papiret. Det er dette kurset siktar mot. Det er ikkje gjort på ein dag å bli øvd sjølvsagt, men sjølve notelesinga er prinsipielt mogleg å lære seg på få timar. Vi startar frå null med at "dette er ein note" og målet er at vi ender dagen med at du greier å følgje med i boka som ein helt!

Tentativt program:

Grunnleggjande noteteori 1 time

Lesing partitur/klaveruttog 2 timar

Omvising operaen med vekt inspisientarbeidet her 1time

Prøving i å cue etter notar 2 timar

Det blir sjølvsagt lagt inn pausar og lunsj, og opplegget kan justerast etter behov. Som notemateriale nyttar vi m.a. døme frå våre framsyningar, og vi ser gjerne at kursdeltakarane har med materiale de treng hjelp med.

Leiar for kurset er Johan H. Neergaard: Lektor i musikk, arbeidd som teaterlærar, kordirigent, og 22 år som inspisient på Operaen på om lag 80 større produksjonar. Han får hjelp av sine gode inspisientkollegaer utover dagen. Fordi dette er eit uprøvd opplegg garanterer vi ingenting ut over at du vil få ein fin dag på Operaen, og truleg litt betre sjølvtillit på notelesing.

No alt text

Informasjon

Varighet: 7 timer

Ikke for deg? La oss hjelpe deg å finne noe annet!

Norsk Dramatikkfestival (2025)

Heddadagene og Heddaprisen presenteres av

Meld deg på vårt nyhetsbrev og våre pressemeldinger

Kontakt oss:

Norsk teater- og orkesterforening,
Rosenkrantzgate 9, 0159 Oslo
Tel: 23 10 09 90