Workshop
Meisterklasse: Teater og ny teknologi
Produsert av Teater Vestland og Nordland Teater
Korleis kan vi som bransje bruke VR metavers-plattformene?
Dette har Teater Vestland og Nordland Teater utforska dei siste åra. Kva verdi kan ny teknologi ha for bransjen? Kom på meisterklasse og gjer deg opp di eiga meining.
Kan vi nytte VR...
- I ei framsyning?
- I det kreative arbeid som regissør og scenograf i prosess?
- I modellavlevering?
- Til å halde audition?
- Som betre alternativ for arkivering?
- Som verktøy i festivalplanlegging?
- Som alternativ scene?
I denne meisterklassen for maks 10 personar stiller vi med fleire sett VR-briller. For første gong testar vi 360 grader filming av ei framsyning på eit publikum. Deltakarane får mellom anna oppleve korleis det er å sitte i ein teatersal med lyd og bilde - gjennom VR-briller! Er dette framtidas måte å strøyme teater?

Foto: Heidi Hattestein
Meisterklassen er den siste i ein serie seminar i løpet av våren som utforskar ny teknologi i teateret. Følg med på heimesidene til Teater Vestland og Nordland Teater for informasjon og påmelding til meisterklassar for regissører, scenografar, kostymedesignarar og dramatikarar.
Meisterklassen ledes av teatersjefane Cecilie Grydeland Lundsholt og Birgitte Strid
Informasjon
Varighet: 2 timer og 30 minutter