Seminar
Foredrag: Teater og ny teknologi
Produsert av Teater Vestland og Nordland Teater
Eksperimentering med ny teknologi og nye sjangrar er ikkje noko nytt, verken i vår eiga samtid eller i teaterhistoria. Då telefonen først kom, kom òg livesendingar, eller direkte strøyming som vi ville ha kalla det i dag. Det blir påstått at Shakespeare sine akter er så lange som dei er, fordi det var så lenge dei lengste stearinlysa på 1600-talet brann. Då lyskastarane vart funne opp, revolusjonerte dei kunstforma vår.
Teater Vestland og Nordland Teater har utforska moglegheitsromma til ny teknologi i teateret. Korleis kan ein nytte VR som verktøy både i teaterproduksjon og i dokumentasjon av teaterframsyningar? Mellom anna har dei to teatera samarbeid om framsyninga Torn & Rose i Eventyrland, der publikum fekk sjå ein lys levande drake på scena - gjennom AR-briller!
I dette foredraget legg dei to teatersjefane Cecilie Grydeland Lundsholt og Birgitte Strid fram erfaringane dei har gjort seg dei siste tre åra. Det blir god til til spørsmål.

Informasjon
Varighet: En time og 30 minutter