Program

Mare

av Lisa Lie

Det Norske Teatret
Scene 2

Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie har i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skapt eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

  • Med Renate Reinsve, Madalena Sousa Helly-Hansen, Christian Ruud Kallum, Oddgeir Thune, Kjersti Aas Stenby
  • Regi Lisa Lie
  • Scenografi og kostymedesign Maja Nilsen
  • Lysdesign Kerstin Weimers
  • Komponist og lyddesignar Magnus Børmark
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen