Program

Lazarus

av David Bowie og Enda Walsh

Det Norske Teatret
Hovudscenen

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden – med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

  • Med Joachim Rafaelsen, Julie Moe Sandø, Pål Christian Eggen, Lasse Kolsrud, Heidi Gjermundsen Broch, Mimmi Tamba, Catharina Vu, Kristoffer Olsen, Jonas F. Urstad, Hans Magnus Hildershavn Rye, Ingrid Jørgensen Dragland, Amanda Kamara, Joakim H. Ousdal.
  • Regi Anders T. Andersen
  • Koreografi Belinda Braza
  • Musikalsk ansvarlig Adrien Munden
  • Scenografi og kostymedesign Kleiva & Myrtvedt
  • Lysdesign Torkel Skjærven
  • Omsetjing Frode Grytten
  • Videodesignar Boya Bøckman
  • Originale orkesteringar og arrangement Henry Hey
  • Dramaturg Matilde Holdhus