Program

Inkognito

av Nick Payne

Det Norske Teatret
Scene 3

Tre historier vovne saman over ein periode på 60 år undersøkjer tema som identitet og minne – eller kva det vil seie å vere menneske.

Princeton, New Jersey. 1955: Thomas Harvey har akkurat gjort ein obduksjon av den nyleg avlidne Albert Einstein i håp om å finne ut kvifor Einstein var eit geni.

Bath, England. 1953: Henry Maison lir av sterke epileptiske anfall. Etter eit kontroversielt inngrep forsvinn epilepsien – men det gjer òg Henrys evne til å lagre nye minne.

London, England. I dag: Martha Murphy er nevropsykolog. Etter ei skilsmisse tek ho radikalt andre val enn ho gjorde før, og erklærer personlegdommen for ein illusjon.

  • Med Ola G. Furuseth, Ellen Birgitte Winther, Kaia Varjord, Morten Svartveit
  • Regi Peer Perez Øian
  • Omsetjing Gunstein Bakke
  • Dramaturg Anders Hasmo Dahl, Ingrid Weme Nilsen