Program

Engelen frå Kobane

av Henry Naylor

Presentert av Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater

Irene Smordal Engelen Fra Kobane

Det Norske Teatret
Scene 3

I 2014 dukka det opp bilete av ei ung, militært kledd kurdisk jente i sosiale media. Ho heitt Rehana og var jusstudent. Biletteksten fortalde at jenta skulle ha drept over 100 IS-soldatar, i dei harde kampane den kurdiske motstandsbevegelsen (YPG) utkjempa for fridom i grensebyen Kobane. Biletet av Rehana vart delt fleire tusen gonger, og ho fekk tilnavnet «Angel of Kobane». Historia om Rehana er ei fiksjonsforteljing, basert på ei myte. Men alt som skjer i historia, har skjedd, og skjer framleis – i verda, i dag. Gjennom dei umenneskelege vala og utfordringane Rehana vert stilt ovenfor, får vi eit tankevekkjande innblikk i kor sårbart det er å vere ei ung kvinne i konflikten i Syria.

Engelen frå Kobane er skrive av den britiske dramatikaren Henry Naylor og er siste del av hans trilogi om konfliktane i Midt-Austen. Etter Norgespremieren i september 2018 har denne oppsettinga motteke strålande kritikkar.

  • Med Madalena Sousa Helly-Hansen
  • Regi Miriam Prestøy Lie
  • Lysdesign Jon Eirik Sira
  • Omsett av Elise Risnes Eikevik
  • Produsert av Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater