Program

Dottera

av Goksøyr & Martens

Det Norske Teatret
Hovedscenen

Dottera er ei historie om ein familie. Om mine barn og dine barn, og ho som berre bur litt her, fordi ho bur mest hos mor si. Det er ei forteljing om korleis alt i løpet av ei natt kan gå sund, sjølv om vi alle lengtar etter det same.

Dottera er del to i pentalogien Livet – ei rad med framsyningar som skildrar overgangane i livet frå fødsel til død. Sceneteksten er basert på samtaler med foreldre, steforeldre, barn, ungdom og kvarandre.

Publikum sit på eit stillas fire meter over bakken og kikkar ned i ein bustad med soverom, kjøkken, bad, stove og gang. Samtidig får dei også utdelt kvart sitt headset, slik at det er mogleg å følge eit tredimensjonalt lydbilde.

  • Med Julie Moe Sandø, Oddgeir Thune, Heidi Gjermundsen Broch, Tuva Holen, Benjamin Haug Hagen, Casper Falck-Løvås
  • Regi Camilla Martens og Toril Goksøyr
  • Scenografi og kostymedesign Olav Myrtvedt
  • Lysdesign Ingeborg Staxrud Olerud
  • Lyddesign Sigrun Merete Mongstad
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen