Program

Utafor

av Svein Tindberg i samarbeid med JustUnity

Det Norske Teatret

Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats og Beste framsyning for ungdom.

Å vere utanfor er å kikke inn på eit fellesskap du ikkje er ein del av. Det er utanfor ein finn det mørkaste hatet. Det er der ein skaper det klåraste fiendebildet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna.

Utafor blir lagt lagt ut på Facebook via livestream fredag 17. april. Framsyninga blir samtidig også tilgjengeleg på denne nettsida. I samarbeid med Applaus Scene.

Framsyninga Utafor tar utgangspunkt i forteljingane til fire unge menneske som alle handlar om å vere utanfor samfunnet. Terror, ekstremisme og fordommar er ein del av deira historie. Dei veit at radikalisering skjer på tvers av tru og religion. Og at radikale meiningar ikkje oppstår av ingenting.
- Målet med framsyninga er å vise dei unge at vi har ansvar for kvarandre, også i skolegarden. Det er alle sitt ansvar at ingen hamnar utanfor, seier regissør Svein Tindberg om framsyninga.

Utafor er aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Det er teater i kampen mot radikalisering.

«Innertier om utenforskap. (...) Innsiktene er personlige, og detaljene er talende, særegne for de enkelte fortellerne, og samtidig tidsbilder som knytter dem til oss alle» - Dagbladet, terningkast 6!


  • Med Faten Mahdi Al-Hussaini, Yousef Bartho Al-Nahi, Siri Marie Seim Sønstelie, Tor Itai Keilen, Bård Elias Nystøyl, Adanne Lin-ji Ezimoha Sætereie, Sebastian Severin Alstedt, Nicole Genove Fernandez, Linde Myklebust Hodne, Kevin Haugan, Hannah Haslie Westenvik, Amisha Kumra, Sigurd Vespestad Marthinussen, Belinda Braza
  • Regi Svein Tindberg
  • Lysdesignar og scenograf Torkel Skjærven
  • Komponist Øystein Skar
  • Kostymedesignar Line Antonsen
  • Videodesignarar Finn Walther og Martin Walther
  • Koreograf Belinda Braza
  • Lyddesignar Christopher Woxholtt
  • Dramaturg Anders Hasmo
  • Co-regissør TV-produksjon Anja Stabel, Applaus Scene
  • Produsent TV-produksjon Monica Boracco, Applaus Scene