Program

Solaris korrigert

av Øyvind Rimbereid

Solaris Korrigert

Det Norske Teatret

I Solaris korrigert undersøkjer skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig kva framtida kan seie oss om oss sjølve i dag gjennom Øyvind Rimbereids fortellande science fiction-dikt.

I ei tid da vi alle har fått ordre om å bure oss inne i kvar vår heim bak kvar vår skjerm fordi verda der ute er herja av ein usynleg fiende, er parallellen til Øyvind Rimbereids framtidsvisjon Solaris korrigert påfallande. Rimbereids langdikt frå år 2480 reiser både eksistensielle og samfunnsmessige spørsmål som gjerne kan relaterast til vår samtid: Kva er vi i ferd med å gjere med jorda vår? Kor vil dette føre oss i framtida?

Året er 2480. Jorda slik vi kjenner den er for øydelagd og usunn til å leve på. Karakteren Aig bur i ein bydel i Stavgersand, kalla Organic 14.6. Hit kjem velståande turistar som ønskjer å oppleve dei få områda som framleis består av urørt natur. Området er strengt overvaka av Mrs. Chan, som kanskje ikkje eigentleg finst, men berre er ein datamaskin eller eit firma. Aig er i ferd med å flytte under havoverflata, ned til tørrlagde oljebrønnar. Her vil ein datamaskin skape ein «mirrorvorld» av «pictographics», heilt etter kva kvar enkelt ønskjer å sjå og oppleve. I denne virtuelle verkelegheita får også alle skapt ein perfekt modell av seg sjølv. Ingen treng å jobbe.

Men blir ein lykkeleg av eit liv utan arbeid, ubehag og bekymringar? Kva kan ein da prate om? Vil modellen av Aig leve vidare, også etter at Aig er død? Og kva hender om sjefsdatamaskinen krasjar?

Les mer og se opptak av forestillingen på Det Norske Teatrets nettside.

  • Med Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig
  • Tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp
  • Musikk Sjur Miljeteig
  • Regissør Peer Perez Øian
  • Scenograf, kostymedesignar og visuelt konsept Unni Walstad
  • Lysdesignar, visuelt konsept Kyrre Heldal Karlsen
  • Videodesignar og visuelt konsept Roger Gihlemoen
  • Lyd Vibeke Blydt-Hansen
  • Filmprodusent, kameraregi, klipp og etterarbeid Mats Willand
  • Kamera Mats Willand, Tommy Strømmen, Asmund Torgersbråten, Mathias Skjelland