Program

Morgon og kveld

av Jon Fosse

Morgon Kveld

Det Vestnorske Teateret

Det Vestnorske Teateret skulle eigentleg ha turnert med «Morgon og kveld» i naust og båthus i vår. No får vi staden høve til å invitere dykk med på Johannes si reise, filma frå Fosse sin eigen vestkyst der orda og naturen er så tett bundne saman. Gratis digitalt teater i samarbeid med Festspillene i Bergen. Vert strømma på FiB sine nettsider. 

Jon Fosse sin vesle, store roman «Morgon og kveld» skildrar to dagar i fiskaren Johannes sitt liv. Den dagen han vart fødd og den dagen han skal døy. Mellom spora etter eit arbeidsamt liv ved kysten, mellom minner og erfaring, rører Johannes seg gjennom landskapet han kjenner så godt og inn i den ukjente døden. Beste venen Peter tek Johannes med på den siste ferda og frå gavlbåten hans tek dei farvel med det jordiske og forsøker å møte det ufattelege inkje.

Skodespelar Stig Amdam formidlar både litterære og menneskelege kvaliteter i teksten på ypperleg vis i denne framsyninga. Å sjå den utspele seg i ei ramme som tek inn det landskapet som er så avgjerande i Jon Fosse si skrift tilfører ein dimensjon som verkeleg opnar forteljinga opp.

Forestillingen er tilgjengelig fra 21. mai klokken 18.00, og vil være tilgjengelig ut juni. 

Se forestillingen på Festspillene i Bergen sine nettsider

Les mer om prosjektet hos Det Vestnorske Teatret


  • Med Stig Amdam
  • Regi Terje Skonseng Naudeer
  • Dramatisering Hildegun Riise
  • Lys/kamera Poul Iversen
  • Lysteknikar Jon Eirik Sira
  • Lydteknikar Cem Arapkirlioglu
  • Redigering/klipp Arnstein Jensen
  • Produsert av Det Vestnorske Teateret