Program

Mi bragd

av og med Are Kalvø

Mi bragd, med Are Kalvø

Det Norske Teatret

Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til ein ny gjest kvar kveld. Du kan til dømes risikere å få vite kva Drillo, Erling Kagge eller Hadia Tajik driv med på fritida.

Finn Kalvø svaret?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.

Med seg på scenen har han kulturministeren i 2017 da dette NRK-opptaket blei gjort; Linda Hofstad Helleland.

Les mer og se opptak av forestillingen på Det Norske Teatrets nettsider til og med 14. mai

  • Av og med  Are Kalvø
  • Band Ståle Sletner, Ole Marius Melhuus
  • Gjest Linda Hofstad Helleland
  • Regissør Erik Ulfsby
  • Scenograf og kostymedesignar Mia Runningen
  • Lysdesignar Ole Randers
  • Musikkansvarleg Ståle Sletner
  • Originalmusikk Espen Beranek Holm/Are Kalvø
  • Projeksjonar Raymond Stubberud og Nikolai Bergstrøm
  • Dramaturg Ola E. Bø
  • Manusinnspel Jens M. Johansson, Agnes Ravatn, Dagfinn Lyngbø, Erik Ulfsby
  •