Program

Mare

av Lisa Lie

Det Norske Teatret

Mare av Lisa Lie blei kåra til den store kultklassikaren da framsyninga hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2019. No har framsyninga nett vunne den nasjonale Ibsenprisen, og i det høvet byr vi publikum på ein digital versjon frå videoarkivet, utlånt frå Lisa Lie. Dette er eit opptak av framsyninga, ikkje framsyninga.

Framsyninga blir lagt ut her fredag 24. april kl. 20.00

Mare

Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik og at alle andre former, som romantisk kjærleik, er mutasjonar av denne. Nyare forsking tyder på at denne kjærleiken slår inn og endrar hjernen til kven som helst som får og tar ansvaret for eit lite barn over tid.

Men kva får eit menneske til å hoppe frå balkongen og ta med seg barna sine? Anna enn verdas vondskap? At mørkeret har trengt seg inn i dei? Jorda er som ei stor mor som er lei oss.

Mare er ein tragedie, eit mysterium, ein folkeleg festival i mytologisk landskap. I dette universet vil du møte mange karakterar frå samtid, historie og myte. Ein av desse er den greske myten om Medea. Regissør Lisa Lie har i lag med dei kunstnarleg medverkande og ensemblet skapt eit scenisk verk i spenningsfeltet mellom ei lys handling og ein mørk tekst. Med utgangspunkt i mytar, mellom anna frå antikken, blandar dei historie og samtid med eit urtidsteater som stammar frå dionysiske landlege rituelle festivalar.

  • Med Renate Reinsve, Madalena Sousa Helly-Hansen, Christian Ruud Kallum, Oddgeir Thune, Kjersti Aas Stenby
  • Regi Lisa Lie
  • Scenografi og kostymedesign Maja Nilsen
  • Lysdesign Kerstin Weimers
  • Komponist og lyddesignar Magnus Børmark
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen
  • Kamera Bjørn Kjetil Undheim og Ivar Mykland, Millimedia AS
  • Postproduksjon Ivar Mykland, Millimedia AS