Program

Fysisk foredrag - om Anne Teresa de Keersmaeker

av Dansens hus

Dansens hus strømmer ​Fysisk foredrag om koreograf Anne Teresa De Keersmaeker  Foto: Anne Van Aerschot

Dansens hus

Anne Theresa de Keersmaeker si koreografiske undersøking av musikk, formelle prinsipp og sosiale strukturar har i år førtiårsjubileum. Denne undersøkinga har næra ein kunstnarskap som har gjort ho til kanskje Belgia sin største koreograf og eit av dei viktigaste namna innanfor koreografi og dansekunst internasjonalt.

Jonas Øren presenterer i dette foredraget ulike aspekt ved De Keersmaeker sin omfattande kunstnarskap. Både fysisk og muntleg presenterer Øren korleis de Keersmaeker binder saman dans og musikalske strukturar, rørsle og lyd, samt ser på formelle prinsipp frå geometri, numeriske mønster og sosiale strukturar som ein inngong til koreografisk tenking og skaping.

Se opptak av foredraget på Dansens hus sin facebookside

Les mer på Dansens hus sin nettside

  • Danser Jonas Øren