Program

The Book of Mormon

av Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone

Det Norske Teatret
Hovedscenen

The Book of Mormon er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.

To unge misjonærar blir sendt på sitt fyrste utanlandsopphald til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

  • Med Frank Kjosås, Kristoffer Olsen, mfl.
  • Regi Vidar Magnussen
  • Koreograf Johan Osuldsen
  • Koreograf, stepp Anneli Moe
  • Musikalsk ansvarleg Lars Bleiklie Devik
  • Scenografi Gjermund Andresen
  • Kostymedesign Ingrid Nylander
  • Lysdesign Torkel Skjærven
  • Lyddesignar Morten A. Jorsett
  • Omsetjing Are Kalvø
  • Dramaturg Carl Morten Amundsen
  • Songpedagog Ståle Ytterli