Program

Ut og stjæle scener

av Det Andre Teatret

Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Hovudscenen

Kva kan hende når improvisatørane frå Det Andre Teatret "stel" scenen frå Ronja Røvardotter? Alt, kanskje?

Ut og stjæle scener er eit konsept der improvisatørane frå Det Andre Teatret dukkar opp hos eit anna teater og «stel» eit scenerom. Der improviserer dei fram ein ny einaktar basert på scenografien som står i rommet, komplett uvitande om korleis teateret sjølv har brukt inventaret. Denne kvelden er det scenografien til Ronja Røvardotter på Det Norske Teatret som blir invadert og gitt ny meining. Eit nytt eventyr, ispedd ein god dose humor, oppstår i Ronja Røvardotters utbomba borg.

Ein treng ikkje å ha sett Ronja Røvardotter for å få noko ut av den nye einaktaren, det har trass alt ikkje utøvarane gjort heller.

Det Andre Teatret
Det Andre Teatret er eit teaterhus basert på improvisasjon. Teateret er kjent for eit variert repertoar av scripta og improviserte framsyningar for alle aldrar. Det Andre Teatrets stil og kjenneteikn er omforming, nær historieforteljing fortalt i dialog med publikum og leik med teatrale verkemiddel.


  • Medvirkende Utøvere på scenen: Olli Vermskog, Mats Eldøen, Stian Gulli, Marte Mørland, Cathrine Frost Andersen
  •  Lydimprovisatør: Henrik Stoltz Vernegg
  •  Lydeffekter: Håvard Gressum Antonsen
  • Idé og regi Veslemøy Mørkrid