Tryllefløyta
av Wolfgang Amadeus Mozart og Emanuel Schikaneder
Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Hovudscenen
Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing.
Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Vi møter ein vakker prins, ei fanga prinsesse, eit monster, ein tilsynelatande vond trollmann, fuglefangaren Papageno og sjølvaste Nattas dronning – og det blir mange forviklingar og humoristiske innslag.
Tandbergs verdjon er ei feiring av Mozarts livfulle og morosame klassikar.
Det handlar om krafta i kjærleiken og musikken, om kampen mellom det gode og det vonde og om å finne sin veg i livet.
Tryllefløyta på Det Norske Teatret?
Det er kanskje ikkje den mest opplagde tittelen i eit teaterrepertoar, men så er det heller ikkje ei rein operaframsyning som tek form på Hovudscenen. Utgangspunktet for verket var nettopp teaterscenen. Mozart og kompanjongen Schikaneder skreiv faktisk stykket for eit folkeleg teater som eit humoristisk syngespel, og i denne versjonen er det eit reint skodespelarensemble som får bryne seg på Mozarts velkjende tonar. Musikken har fått ny orkestrering under leiing av Trond Lindheim.
- Medvirkende Charlotte Frogner, Pål Christian Eggen, Vetle Bergan, Ina Svenningdal, Joachim Rafaelsen, Ragne Grande, Bartek Kaminski, Lasse Kolsrud, Geir Kvarme, Heidi Gjermundsen Broch, Julie Støp Husby, Ingrid Jørgensen Dragland
- Oversettelse Jostein Avdem Fretland
- Regissør og scenograf Ole Anders Tandberg
- Musikkansvarlig Trond Lindheim
- Kostymedesigner Maria Geber
- Koreograf Anna Koch
- Lysdesigner Ellen Ruge
- Dramaturg Siri Løkholm Ramberg