Program

Tante Ulrikkes vei

av Zeshan Shakar

Presentert av Det Norske Teatret

Tante Ulrikkes Vei

Det Norske Teatret
Scene 2

To gutar veks opp i Tante Ulrikkes vei på Stovner i Oslo. Den eine kjem frå det vi kan kalle ein god heim, den andre har ein meir utfordrande heimesituasjon. Dei gjer begge så godt dei kan, men går likevel ei usikker framtid i møte.

Tante Ulrikkes vei handlar om to unge gutar sin kamp for å komme seg opp og fram og få eit betre liv. Det handlar om kjærleik, ungdomsliv og det å prøve å forstå storsamfunnet. Og det handlar ikkje minst om klasse og den politiske og politisk korrekte eliten si blindsone.

  • Medvirkende Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Manish Sharma, Julie Støp Husby
  • Regi Victoria Meirik
  • Tilrettelagt for scenen av Carl Morten Amundsen og Victoria Meirik
  • Scenografi og kostymedesign Unni Walstad
  • Lysdesign Gyril Høgberg
  • Videodesign Simon Valentine
  • Lyddesigner Audun Melbye
  • Dramaturg Carl Morten Amundsen