Sporv og engel
av Daniel Große Boymann og Thomas Kahry
Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Scene 2
Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Dette er forteljinga om venskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf.
Marlene og Edith
Ei er dotter av ein prøyssisk offiser, den andre er barnet til ein sirkusartist og gatesongar. Ei veks opp på privatskole i Weimar, den andre i eit horehus i Normandie. Ei døyr som 91-åring, som den største stjerna Tyskland har fostra. Den andre døyr berre 47 år gammal, og Frankrike bryt ut i landesorg. Over 40 000 følgjer kista hennar på den siste ferda.
Intens venskap
Marlene Dietrich, den blå engelen, og Edith Piaf, sporven frå Paris, møtest i 1948. I New York er det mogleg for Marlene å gløyme at ho er tysk, og for Edith at ho ein gong var ein simpel tiggar. Takka vere Dietrich blir Piaf tatt inn i dei høgare krinsar i verdsbyen. Frå da av deler dei to divaene eit intenst vennskap, som kanskje er sannare og djupare enn dei mange kjærleiksaffærane deira med andre.
- Medvirkende Gjertrud Jynge, Ingeborg S. Raustøl, Jon Bleiklie Devik, Hilde Olausson
- Oversettelse Ragnar Hovland
- Regissør Ann-Christin Rommen
- Scenograf og lysdesigner Jens Sethzman
- Kostymedesigner Julia von Leliwa
- Musikkansvarlig Svenn Erik Kristoffersen