Ronja Røvardotter
av Astrid Lindgren
Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Hovudscenen
Ei forteljing om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne.
Ronja Røvardotter er dotter til røvarhøvdingen Mattis, og veks opp med røvarbanden i ei borg. Utanfor brenn verda, men likevel vågar Ronja seg ut og tar til å utforske. Ein dag møter ho naboguten Birk, og dei to blir som bror og søster – til fedrane si store fortviling. Dei er nemleg erkefiendar.
Astrid Lindgrens barneklassikar Ronja Røvardotter er eit frodig eventyr om korleis det er å vere barn i ei kaotisk tid, om å kjempe for det ein meiner er rett, og om livsmot, venskap og å vilje forandre verda.
Mange barn har det som Birk og Ronja
Regissør Catrine Telle ønsker å plassere historia om Ronja i ein moderne ruin med krig og urettferd som bakteppe. Mange barn i verda veks opp under slike forhold i dag. Trass i omstenda blir det leika, levd og danna venskap – også på tvers av konfliktane som går føre seg mellom dei vaksne. I ruinane av krig og død veks det opp tre og blomar.
- Medvirkende Thea Lambrechts Vaulen, Peiman Azizpour, Paul-Ottar Haga, Silje Lundblad, Frode Winther, Kaia Varjord, Marianne Krogh, Niklas Gundersen, Paul Åge Johannessen, Andreas Koschinski Kvisgaard, Manish Sharma, Joachim H. Ousdal, Oddgeir Thune, Karl-Vidar Lende
- Dramatisert av Annina Enckell
- Oversettelse Marit Tusvik
- Regissør Catrine Telle
- Scenograf Tore Sæther
- Koreograf Oleg Glushkov
- Kostymedesigner Anette Werenskiold
- Lyddesigner Johannes Waage
- Lysdesigner Arne Kambestad
- Dramaturger Ingrid Weme Nilsen, Anders Hasmo