Program

Romeo og Julie

av William Shakespeare

Presentert av Det Norske Teatret

Romeo og Julie

Det Norske Teatret
Scene 2

Ei kjærleikserklæring til livet og teateret.

Nesten 40 år etter at dei stod på scenen saman som Romeo og Julie, møtest Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen i dei same rollene. I bagasjen har dei nesten ein heil menneskealder av erfaring både med kjærleiken, kunsten og livet sjølv. Dette blir også den siste rolla til Tindberg som fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret.

Den udøyelege kjærleikshistoria til Shakespeare er den same som sist, likevel blir mykje annleis no når alder er snudd på hovudet: Dei eldste er tenåringar, og dei yngre skodespelarane fyller dei vaksne rollene. Kva hender når to som er eldre, spelar rollene som dei vilt forelska tenåringane Romeo og Julie?

På scenen med skodespelarensemblet er også musikar og artist Bendik (Silje Halstensen). Til Romeo og Julie har ho omarbeida eige og andre sitt materiale, og også komponert nytt.

  • Medvirkende Svein Tindberg, Liv Bernhoft Osa, Lasse Kolsrud, Per Schgaanning, Geir Kvarme, Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Marie Blokhus, Kenneth Homstad, Øyvin Berven, Kirstio Stubø, Edvard Hoem
  • Gjendikting og mellomtekster Edvard Hoem
  • Bearbeidelse Erik Ulfsby og Siri Løkholm Ramberg
  • Regissør Erik Ulfsby
  • Scenograf og kostymedesigner Milja Salovaara
  • Komponist Silje Halstensen
  • Lysdesigner Martin Myrvold
  • Koreograf Oleg Glushkov
  • Lyddesigner Vibeke Blydt-Hansen
  • Dramaturg Siri Løkholm Ramberg