Off-Hedda: Kva tid
av Brita Angeltveit, Ane Hulbækdal Melting og Ameline Tangen Sørgen
Presentert av Off-Hedda
Oslo Nye Teater
Caféscenen
Med gode vener, fyll og ein full innboks på Tinder har Alex alt lagt til rette for å leve sitt beste liv. Det er berre éin ting som hindrar ho: hennar eigen kropp. I Kva tid følgjer me ho gjennom hennar møte med helsevesenet, vinkveldar og søken etter kjærleik. Er det mogleg for Alex å leve livet som ung og lovande med dei plagene ho har?