Kristin Lavransdotter
av Sigrid Undset
Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Hovudscenen
Ei brennande kjærleikshistorie
- basert på alle dei tre bøkene av Sigrid Undset
Det er ei kraftanstrenging av dei sjeldne skodespelarane skal igjennom, når Sigrid Undsets storverk om Kristin Lavransdotter blir spelt ut i ei maratonteaterframsyning.
Sara Khorami har si største rolleutfordring når ho gir liv til den mest kjende kvinna i norsk litteraturhistorie. Den intense kjærleikshistoria mellom Kristin og Erlend har fengsla lesarar gjennom generasjonar. Når historia no er blitt blir teater, er uttrykket på scenen rått og moderne, men orda er slik Undset skreiv dei.
Gjenkjennelege dilemma
Trilogien om Kristin Lavransdotters liv, gir ikkje berre ein nøkkel til å forstå mellomalderens samfunnsnormer og mentalitet. Ramma rundt Kristins veg i livet er kjent for kvinner verda over. Ho bryt med samfunnets konvensjonar. Kristins og Sigrid Undsets refleksjonar rundt kjærleik, samliv, familieliv og relasjonar til barn, søsken, foreldrer og svogerfamilie står seg like godt uansett tidsalder. Og hennar leit etter ei større meining med det heile, er så universelt ein kan få det.
Møt regissøren!
Den 15. juni arrangeres kunstnersamtalen "Sigrid Undsets kvinner". Der møtes regissørene av årets to Undset-forestillinger, Kjersti Horn og Nina Wester, til en prat sammen med leder for Sigrid Undset-selskapet, Kristin Brandtsegg Johansen. Ledet av dramaturg og journalist Jørgen Strickert, vil de dele sine tanker om den nobelprisvinnende forfatteren og hennes sterke kvinneskikkelser.
- Medvirkende Sara Khorami, Preben Hodneland, Ane Dahl Torp, Kristoffer Olsen, Jon Bleiklie Devik, Joachim Rafaelsen, Heidi Gjermundsen Broch, Frode Winther, Kaia Varjord, Ina Svenningdal
- Dramatisering Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag
- Oversettelse Gunhild Øyehaug
- Regissør Kjersti Horn
- Scenograf og kostymedesigner Sven Haraldsson
- Videoregissør Mads Sjøgård Pettersen
- Lyddesigner Erik Hedin
- Lysdesigner Torkel Skjærven
- Dramaturg Ingrid Weme Nilsen
- Assistent lyddesigner Tobias Pfeil