Program

Abdul ≈ Hkeem

av Hannah Wozene Kvam og Abdulhakim Hassane

Presentert av Det Norske Teatret

Abdul Hkeem

Det Norske Teatret
Rommen Scene

Om å navigere mellom forholdet til familie og venner, om skuggesidene av samfunnet, om rasisme, kjærleik og om musikken som opna nye dører. 

Dette er ei djupt personleg og ærleg framsyning, der publikum blir kjent med personen ”bak” artisten Hkeem. Abdulhakim «Hkeem» Hassane deler historier frå oppveksten – frå han tok sine første barnesteg mellom blokkene på Stovner, til ungdomsåra med store draumar og vegen mot å realisere dei. Om presset frå heimen, frå omverda og forventingane til seg sjølv. 

Historia blir fortald frå ein blottstilt og open ståstad, på ein måte ein verken har sett, høyrt eller opplevd Hkeem tidlegare.

  • Medvirkende Skodespelarar: Abdulhakim Hassane, Fabian Svegaard Tapia, Mimmi Tamba
  •  Stemma til mor: Christine Mungai
  •  Musikere: Bafana Nhlapo, Ombeline Chardes
  • Regi Cliff Moustache og Belinda Braza
  • Scenografi og kostymedesign Dordi Strøm
  • Lysdesign Clement Irbil
  • Bearbeidelse Belinda Braza, Cliff Moustache og Anders Hasmo
  • Tekstbidrag Belinda Braza og Anders Hasmo
  • Dramaturg Anders Hasmo