Program

Tid for glede

av Arne Lygre

Presentert av Det Norske Teatret

Tid for glede

Det Norske Teatret
Hovudscenen

«en stor begivenhet i norsk teater» - Aftenposten

«Det er ein dag for glede, dette», seier fleire av karakterane i Arne Lygres nye stykke, anten dei trur på utsegna eller berre vonar at det er slik. Men alt har si tid i eit menneskeliv.

Tid for glede handlar om kven vi er for kvarandre og korleis vi oppfattar omgjevnadene våre. Om alt som er fint og alt som er vanskeleg i relasjonar, anten det er i kjærleiksforhold, mellom søsken, i det utfordrande foreldreskapet eller i venneflokken. Det handlar om oppbrot, einsemd, om å høyre til og å høyre saman. Denne moderne teksten gir eit nærbilete av det vi leiter etter, det vi mister, det vi elskar og det vi foraktar.

Med eit modig og klassisk kostymegrep løftar regissør Johannes Holmen Dahl Tid for glede inn i ei klassikarramme. Saman med sin faste scenograf Nia Damerell har han vald å pakke teksten inn i rokokkoens estetikk.

«Bravo! Eg trur eg har sett årets beste framsyning. Allereie.» - NRK

  • Medvirkende Laila Goody, Ane Dahl Torp, Jon Bleiklie Devik, Kjersti Dalseide, Kyrre Hellum, Oddgeir Thune, Preben Hodneland, Thea Lambrechts Vaulen + bandet
  • Regi Johannes Holmen Dahl
  • Koreografi Kristin Helgebostad
  • Musikalsk ansvarlig Alf Lund Godbolt
  • Scenografi og kostymedesign Nia Damrell
  • Lysdesign Norunn Standal