Program

AVLYST: Teater og ny teknologi

av Teater Vestland og Nordland Teater

Det Norske Teatret
Bikuben

NB! Dette arrangementet er avlyst grunnet sykdom

Eksperimentering med ny teknologi og nye sjangrar er ikkje noko nytt, verken i vår eigen samtid eller i teaterhistoria. Då telefonen først kom, kom òg livesendingar  - eller direkte strøyming som vi ville kalla det i dag - via telefonen. Det blir påstått at Shakespeare sine akter er akkurat så lange som dei er fordi det var så lange det var mogleg å lage dei lengste stearinlysa på 1600- talet. Då lyskastarane vart oppfunne, revolusjonerte det kunstforma vår.

Saman med fem frilans scenekunstnarar har Teater Vestland og Nordland Teater i eit år utforska moglegheitsromma for teater og ny teknologi. I dette seminaret legg vi fram resultata vi har komme fram til.