Program

Shiemens

av deWangen-produksjoner

Presentert av Det Norske Teatret

Shiemens

Det Norske Teatret
Siemens-bygget

I det gamle karakteristiske Siemens-bygget langs gamle Østre Aker vei er eit av vårens meir spennande teaterprosjekt i ferd med å bli ein realitet.

I det 11 000 kvm store og forlatne kontorlandskapet har regissør Claire de Wangen saman med åtte skodespelarar starta arbeidet med å skape ei framsyning i dialog med sjølve bygget. Det tidlegare norske hovudkvarteret til eit av verdas fremste teknologiselskap blir brukt som utgangspunkt for manuset. No er bygget tomt, og i fellesskap diktar dei fram forteljingar om kva bygget rommar no. Det vi veit er at bygget for lengst er fråflytta og i ferd med å forsvinne i gløymselen og forfallet. Men det finst nokre som ikkje blei med på flyttelasset og som framleis held på åleine inne i huset. Det stengde huset ser umogleg ut å besøke, men publikum finn ein veg inn. Og når dei har klart det, får dei bli med på ei ferd gjennom tallause etasjar og endelause kontorlandskap. Ferda byr dessutan på særeigne møte med eit knippe kontoristar som har blitt verande igjen og som tida i høg grad har sprunge frå.

deWangen-produksjoner arbeider ofte stadspesifikt i prosjekta sine. Spelestaden eller scenen blir ein del av framsyninga. Framsyninga Shiemens tar utgangspunkt i opplevinga av det fråflytta og lar sjølve bygget spele hovudrolla i framsyninga. Framsyninga passar frå 13 år.

  • Medvirkende Stine Elverhøi Johnsen, Andreas Koschinski Kvisgaard, Ingunn Beate Øyen, Gaute Adela Aastorp Cudjoe, Øyvin Berven, Sigrid Husjord, Fredrik Petrov, Martine Hattestad Kveli, Ingrid Enoksen
  • Regi og kostymedesign Claire de Wangen
  • Scenograf, lyd- og lysdesigner Morten Bendiksen
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen
  • Kunstnerisk leder, Det Norske Teatret i Groruddalen Belinda Braza