Program

Kjærleik i teateret

av Det Norske Teatret

Tid for glede

Det Norske Teatret
Bikuben

I samband med Skeivt kulturår har Det Norske Teatret og Fotogalleriet samarbeidd om utstillinga Skeive Ikoner. Under årets Heddadager ønskjer vi å markere det skeive kulturåret mellom anna gjennom ein panelsamtale i forkant av framsyninga Tid for glede søndag 12. juni. Dette arrangementet avsluttar ei samtalerekke som Det Norske Teatret og Fotogalleriet arrangerer. Fram mot sommaren skal det vere fire temakveldar som tek for seg kjærleik og litteratur, dans, tru og teater frå eit skeivt perspektiv.

Samtalen vil handle om i kva grad teateret har vore og er ein fristad for skeive. Om korleis skeiv kjærleik har blitt og blir framstilt på scenen. Kan det vere sånn at tilhøva i samfunnet utanfor har utvikla seg raskare enn dei historiene vi får oppleve i teateret. Er det skilnad på skeiv kunst og kunst for skeive? Er teateret så liberalt og inkluderande som vi gjerne liker å tenke? Kva kan kunst og teater bety i den skeive likestillings- og frigjeringskampen?

Arrangementet er åpent for alle og krever ingen akkreditering eller billett.