Program

Into the woods

av Stephen Sondheim og James Lapine

Presentert av Det Norske Teatret

Into the woods

Det Norske Teatret
Hovudscenen

Musikalen om eventyra du trudde du kjente. Bli med inn i skogen!

Det var ein gong ein barnlaus bakar og kona hans. Dei ønsker over alt i verda å få eit barn. Men ei heks har kasta ei forbanning over familien. For å bryte forheksinga, og få det etterlengta barnet, må dei løyse fleire oppgåver. Men dess lenger inn i skogen dei kjem, dess mørkare og meir skrudd blir eventyret.

I Into the Woods  møter vi Raudhette og ulven, Jack og bønnestengelen,  Rapunsel og Oskepott. Men vi får også høyre historia om kva som skjedde etter «snipp snapp snute».

Med humor og råskap har Stephen Sondheim og James Lapine laga ein musikal som snur dei kjente eventyra på hovudet. Resultatet er ein vaksen skrekkversjon av barndommens forteljingar. Du må inn i skogen, gjennom skogen og ut igjen. Kven du er på den andre sida, er det ingen som veit.

Nedre tilrådd aldersgrense frå 12 år.

  • Medvirkende Ina Svenningdal, Mimmi Tamba, Vetle Bergan, Kristoffer Olsen, Kjersti Dalseide, Paul Åge Johannessen, Trine Bariås, Silje Lundblad, Hilde Olausson, Ingrid Jørgensen, Dragland, Heidi Gjermundsen Broch, Iren Reppen, Ola G. Furuseth, Pål Christian Eggen, Julie Støp Husby, Joakim H. Ousdal + bandet
  • Regi Ole Anders Tandberg
  • Musikk og sanger Stephen Sondheim
  • Manus av James Lapine
  • Oversettelse Runar Gudnason
  • Koreografi Belinda Braza
  • Musikalsk ansvarlig Svenn Erik Kristoffersen
  • Lyddesigner Morten Alexander Jorsett
  • Scenografi Erlend Birkeland
  • Kostymedesign Maria Geber
  • Maskedesign Katja Langer
  • Lysdesign Ellen Ruge
  • Presentert etter avtale med Music Theatre International (Europa)