Program

Gudspartikkelen

av Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen

Presentert av Det Norske Teatret

Gudspartikkelen

Det Norske Teatret
Scene 2

«Gudbenådet om gudspartikkelen» - Aftenposten

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen er tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større.

Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen samarbeider igjen om eit framsyningsprosjekt. Dei har teke for seg Markus-evangelietApostlanes gjerningar og Abrahams barn tidlegare. No tar dei for seg temaet tru mot vitskap. Må ein velje?

  • Medvirkende Svein Tindberg
  • Oversettelse Inger Johanne Sæterbakk
  • Regi Kjetil Bang-Hansen
  • Lyddesign Ole Herman Andersen
  • Scenografi og kostymedesign Milja Salovaara
  • Lysdesign Øyvind Wangensteen
  • Konsulent Gaute Einevoll