Program

Fuglane

av Tarjei Vesaas

Presentert av Det Norske Teatret

Fuglane

Det Norske Teatret
Hovudscenen

«…hypnotiserende sterkt» - Aftenposten

I jubileumsåret til Tarjei Vesaas hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen. Fuglane blei første gongen dramatisert av skodespelar Nils Sletta ved Det Norske Teatret i 1997, og blei ein stor kunstnarleg siger. No er det den belgiske regissøren Luk Perceval som gir seg i kast med teksten. Han gjorde sist suksess med iscenesetjinga av Trilogien av Jon Fosse på Hovudscenen, ei framsyning som hausta Heddaprisen for Årets framsyning i 2020.

Vesaas´ Fuglane **er ei nær og omsorgsfull skildring av Mattis, som bygdefolket berre kallar Tusten. Han er hjelpelaus både i arbeidsliv og kvardagsliv. Men han kan lese teikn i naturen, og somme sider ved livet ser han klårare enn dei fleste. Han bur i lag med søstera Hege, som gjer det ho kan for å brødfø dei begge. Men ein dag flyg ei rugde over huset deira. Så slår lynet ned i eit av trea som står på tunet. Mattis les dette som teikn. Teikn på at noko er i ferd med å hende, og at ingenting vil bli som før.

  • Medvirkende Christian Ruud Kallum, Gjertrud Jynge, Frode Winther, Lasse Kolsrud, Niklas Gundersen, Sara Francesca Brænne, Joakim H. Ousdal, Stine Elverhøi Johnsen, Gina Bernhoft Gørvell, Andreas Koschinski Kvisgaard, Jon Bugge Mariussen
  • Regi og dramatisering Luk Perceval
  • Komponist og lyddesigner Rainer Süssmilch
  • Scenografi Anette Kurz
  • Kostymedesign Ilse Vandenbussche
  • Lysdesign Mark Van Denesse