Bror
av Goksøyr & Martens
Presentert av Det Norske Teatret

Det Norske Teatret
Oslo sentrum/Hovudscenen
Visningen 15.juni er UTSOLGT.
BROR (livet # 3) undersøker korleis det kan opplevast å høyre til i ein familie der begeistringa, frykta eller håpet til eitt søsken alltid må få vege tyngst. Ein mann og den ti år gamle sonen hans går mot hamna. Dei har tenkt å ta ein kikk på ferjene og fiskebåtane, men så stoppar dei utanfor ein kiosk for der ein kan få seg ei grillpølse til fem og tjue kroner, og det er jo bra. Det som er mindre bra er at snart skal dei få vite at dei ikkje har nokon stad å bu lenger. Søstera til mannen, som har ei funksjonsnedsetjing, har samtidig bestemt seg for å flytte heim til mora, fordi ho er einsam. Så leilegheita hennar står no tom. Betyr det at alt likevel kan løyse seg - for alle?
Framsyninga har tre delar. Den første delen er ei lydvandring gjennom Oslo sentrum, og dei to siste delane skal opplevast frå eit fugleperspektiv på Hovudscenen på teateret.
Produksjonen er del av pentalogien LIVET # 1 - 5.
- Medvirkende Agnes Kittelsen, Julie Moe Sandø, Oddgeir Thune, Marianne Krogh, Thea Lambrechts Vaulen, Hilde Olausson, Ingeborg S. Raustøl, Judy Naymbura Karanja, Kadir Talabani, Maren Johanne Olufsen, Casper Falck-Løvås, Aya Aramis Sørbø, Kajsa Fanni Martens, Fred Borg, Ingeborg Brekke, Lise Eger, Bjørn Roger Hermansen, Haakon Aars, Thorolv Stangnes, Christine Mungai
- Regi Toril Goksøyr & Camilla Martens
- Scenografi Olav Myrtvedt
- Lyddesign Sigrun Merete Mongstad
- Lysdesign Ingeborg S. Olerud
- Scenograf- og produksjonsassistent Anja Petrovic Karlsen
- Lydinnspilt skuespiller Kaia Varjord, Eivind Nilsen Salthe, Morten Skartveit