Program

Teaterkarantenequiz – The Grand & Limited Heddadagene Edition

av Heddadagene

Digitalt

Frå dei djupe sofadalar til dei høgaste heimebarkrakkar har teater-Noregs skarpaste skallar det siste året tevla hardt i det digitale høgdepunktet Teaterkarantenequiz. Over heile landet (og det store utland!) har det vore panikk i kulissane, scener frå fleire ekteskap, arsenikk og bitre kniplingtap

Nokon vil kanskje påstå at dette er ein kunnskapstevling med meir jazzhands enn kvasse olbogar. Dette vil vise seg når quizmaster og Heddageneral Kjetil Falkum sveivar i gang Teaterkarantenequiz - The Grand & Limited Heddadagene Edition som ein avslutting av teaterfestivalen. Det er lova nye kategoriar, overraskingar m.m,  og kven veit kva eller kven som skjular seg i skapet?

Påmelding finn du påmeldingstråden på facebook her! Praktiske opplysningar kjem seinare, men alt no kan det vere lurt å samle saman eit lag med inntil seks deltakarar. Og ja, det er blir digitalt! Noko anna hadde vore berre så 2019 .. 

Merk! Quizen sendest live i facebook-hendinga, og lag som ikkje kan samlast i same rom kommuniserer seg i mellom på Teams, Zoom, Messenger eller kvar ein no føretrekk å samlast i desse digitale tider. Lenkje til svarark leggest ut når quizen startar. Det er lov med maks seks deltakarar per lag, og det er lov å kommentere, poste bilete og anna moro i kommentarfeltet undervegs!

Teaterkarantenequiz er mynta på teaterbransjefolk og har høg nerdefaktor. Så er du av dei som ikkje så lett møter Bøygen eller jarnteppe i møte med smale spørsmål frå teater og relaterte kulturkretsar; hald av kvelden og bli med!