Program

Werther

av Etter Johann Wolfgang von Goethes Unge Werthers lidingar

Det Norske Teatret
Scene 3

ALEINE MOT UNDERGANGEN
For ti år sidan debuterte Marie Blokhus som skodespelar i Goethes ungdomsroman Unge Werthers lidingar. Når ho no vender tilbake til dette verket, står ho aleine på scenen og med fokus på undergangens psykologi.

Handlinga i Unge Werthers Lidingar er enkel. Werther reiser ut på landet for å finne ro. I eit idyllisk miljø forelskar han seg i Lotte. Den unge jenta er allereie trulova og Werthers forelsking blir meir og meir panisk. Han forsøker å flykte, vender tilbake til henne, og oppdagar at Lotte har gifta seg med sin utkåra. Det endar med at Werther skyt seg. Slik blir kjærleiken til Lotte både den største opplevinga i Werthers unge og korte liv, og undergangen hans.

  • Med Marie Blokhus
  • Omarbeidd av Siri Løkholm Ramberg og Marie Blokhus
  • Basert på ei dramatisering av Hallvard Holmen og Jan Grønli, omarbeidd til nynorsk ved Ola E. Bø
  • Etter ei omsetjing av Lotte Holmboe (Cappelen 1973)