Program

Ways of seeing

av Pia Maria Roll, Hanan Benammar, Sara Baban, Marius von der Fehr

Det Norske Teatret
Scene 2

I november 2018 hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det blei starten på ein oppheita debatt som resulterte i justisminister Tor Mikkel Waras avgang. No kjem den omstritte framsyninga attende under Heddadagane. 5. juni har du anledning til å få med deg Ways of Seeing på Det Norske Teatrets Scene 2. Ei framsyning som skapte så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse, og som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at fleire kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket.

  • Med Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Ketil Lund.
  • Regi Pia Maria Roll
  • Co-regi Marius von der Fehr
  • Dramaturg Kai Johnsen
  • Støtte av Norsk Kulturfond og Dramatikkens hus