Program

Villanda

av Henrik Ibsen

Det Norske Teatret
Scene 3

Hedvig er fjorten år og kjenner seg annleis. Gjennom kameralinsa forsøker ho å oppnå kontakt med både seg sjølv og omverda, men bilda gir henne berre ei enda sterkare kjensle av ikkje å høyre til. Ho ser ikkje lenger seg sjølv, berre andre rundt seg. Kven er eigentleg Hedvig bak filter og all sminka?

I denne versjonen av Ibsens Villanda ser vi stykket frå Hedvigs synsvinkel. Ungdomsopprøret hennar er ikkje høglydt og utagerande. Hedvig gjer som ho blir fortald. Ho observerer, ho oppdagar og ho fotograferer. Etter oppveksten i fotostudioet til foreldra, er ho fortruleg med lyssetjing og kameravinklar. Ho bildelegg kvardagen og sine eigne sinnsstemningar under stadig tjukkare lag med sminke.

  • Med Gina Gørvell Bernhoft, Frode Winther, Ellen Birgitte Winther, Gard Skagestad, Paul-Ottar Haga, Bernhard Ramstad, Øyvin Berven, Trini Lund, Amund Sigurdssønn Karlsen
  • Regi Lars Erik Holter
  • Omsetjing Tormod Skagestad
  • Omarbeidd av Lars Erik Holter og ensemblet
  • Visuell designar og fotograf Pernille Sandberg
  • Komponist Petter Winther
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen