Program

Trilogien

av Jon Fosse

Det Norske Teatret
Hovudscenen

Ein kjærleikstrilogi mellom svevn, draum og vaken tilstand.

Huslause og svevnlause vandrar den høggravide Alida og barnefaren Asle rundt i det regntunge Bjørgvin. Dei har måtta forlate heimbygda, og no er tida for at ho skal føde komen, men ingen vil gje dei husrom. I desperasjon tyr det unge paret til drastiske løysingar, som dei seinare blir stilte til ansvar for.

I regissør Luk Percevals dramatisering av Trilogien har han vald at Ales, Alida si dotter og hovudpersonen i siste romanen, Kveldsvævd, er ein gjennomgåande karakter. Ales nøstar opp historia om Alida og Asle, og prøver å setje saman puslespelbitane frå sitt eige liv og liva som blei levde før ho blei fødd.

  • Med Gjertrud Jynge, Madalena Soussa, Helly-Hansen, Christian Ruud Kallum, Jon Bleiklie Devik, Lasse Kolsrud, Marianne Krogh, Julie Moe Sandø, Unn Vibeke Hol
  • Regi Luk Perceval
  • Omarbeidd av Luk Perceval og Christina Bellingen
  • Scenograf Annette Kurz
  • Kostymedesignar Ilse Van den Busche
  • Lysdesignar Mark Van Denesse
  • Komponist Rainer Süssmilch
  • Kroppsspråk Ted Stoffer
  • Dramaturg Matilde Holdhus