Program

Tolvskillingsoperaen

av Bertolt Brecht og Elisabeth Hauptmann med musikk av Kurt Weill

Det Norske Teatret
Hovudscenen

Tolvskillingsoperaen er ein skarp analyse av ein framstormande kapitalisme med sin vekst- og varelogikk. Det snart 100 år gamle musikkteaterstykket av Brecht, Weill og Hauptmann viser innretninga av eit samfunn der alt og alle er til sals; der ingen og ingenting har meir verdi enn det har på ein marknad. Og der ingenting er unntatt denne marknaden. Ingen kan stole på nokon, eller noko. Heller ikkje sine eigne kjensler.

På denne marknaden opererer på den eine sida den skruppellause storfisken og businessmannen Peachum, på den andre sida den berykta og notoriske forbrytaren Mackie Kniven. Peachum driv saman med kona og dottera Polly ei lukrativ verksemd, der alle tiggarane i byen er tilsette. Undergrunnshierarkiet blir etter kvart truga av svindlaren Mackie, som også forfører dottera til Peachum.

  • Med Kristoffer Olsen, Vetle Bergan, Mimmi Tamba, Kjersti Dalseide, Gina Gørvell Bernhoft, Ina Svenningdal, Jon Lockert Rohde, Trond Høvik
  • Regissør, konsept, musikalsk ansvarleg Tore Vagn Lid
  • Omsetjing Halldis Moren Vesaas
  • Scenograf og videodesignar Kyrre Bjørkås
  • Videodesignar Marte Vold
  • Kostymedesignar Ane Ledang Aasheim
  • Koreograf Belinda Braza
  • Lysdesignar Torkel Skjærven
  • Animasjon Kristian Pedersen
  • Lydkulissar Ragnhild Tronsmo
  • Lydkulissar Glenn Erik Haugland
  • Dramaturg Carl Morten Amundsen
  • Forlag Nordiska ApS