Program

Svar på brev frå Helga

av Bergsveinn Birgisson

Presentert av Det Vestnorske Teateret

Svar På Brev Fra Helga

Det Norske Teatret
Scene 2

Etter vellukka turné med Riksteatret i fjor haust er Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen klare for speleperiode i Bergen i vår og Heddadagene i Oslo i juni.

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste ferda må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han gjorde, det livet han levde og det livet han ikkje torde leve. Det blir ei saftig forteljing om kjærleik og livskamp, erotiske minner blanda med soger om gløymde lik, lågføtte verar og dagen då Farmall- traktoren kom.

Den islandske suksessromanen «Svar på brev frå Helga» av bergensbusatte Bergsveinn Birgisson er omsett til fleire språk og nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012.

Billetter legges i salg i løpet av kort tid.

  • Med Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen
  • Dramatisering og regi  Stig Amdam
  • Scenografi / kostymedesign Åse Hegrenes
  • Lysdesign Kai Roger Havn
  • Konseptuell lys- og videodesign  Einar Bjarkø
  • Dramaturg Solrun Toft Iversen