Program

Slåttekar i himmelen

av Edvard Hoem

Det Norske Teatret
Hovudscenen

FØRSTE BOKA OM SLÅTTEKAREN BLIR TEATER
Om menneskeleg livskraft, mot, tvil og håp.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.

  • Med Jon Bleikli Devik, Heidi Gjermundsen Broch, Sara Fellman, Bjørnar Teigen, Julie Støp Husby, Andreas Koschinski Kvisgaard, Svein Roger Karlsen, Unn Vibeke Hol
  • Regi Bentein Baardson
  • Dramatisering Kristian Lykkeslet Strømskag
  • Scenografi Arne Nøst
  • Kostymedesign Ingrid Nylander
  • Videodesignar Reidar Andreas Richardsen
  • Lyddesignar Nils Wingerei
  • Dramaturg Carl Morten Amundsen
  • Produsert av Det Norske Teatret og Teatret Vårt