Program

Kirsebærhagen

av Anton Tsjekhov

Det Norske Teatret
Hovudscenen

Etter fleire år i Paris kjem Ljubóv Ranévskaja heim til godset i Russland. Godset er omgitt av ein kirsebærhage som er like vakker som den er stor. Men no står familien i fare for å miste både gods og hage. Dei har ikkje hatt inntekt på fleire år, kapitalen er for lengst brukt opp, lånet er høgt og rentene ubetalte.

Situasjonen er så alvorleg at godset etter planen skal seljast på tvangsauksjon om få veker. Likevel trur Ljubóv og bror hennar Gajev at det heile skal løyse seg på magisk vis. Dei er rett og slett ute av stand til å ta grep om situasjonen, og prøver i staden å døyve uroa med champagne, russisk kaviar og orkestermusikk og nektar å høyre på den tidlegare bonden Lopakhins gode råd om å selgje kirsebærhagen for å redde godset.

  • Med Gjertrud Jynge, Eili Harboe, Kjersti Dalseide, Ola G. Furuseth, Eivin Nilsen Salthe, Kyrre Hellum, Geir Kvarme, Hilde Olausson, Vetle Bergan, Julie Moe Sandø, Jon Lockert Rohde, Per Jansen
  • Regi Johannes Holmen Dahl
  • Omsetjing Kjell Helgheim i samarbeid med Ola E. Bø
  • Scenograf Nia Damerell
  • Kostymedesignar Ane Ledang Aasheim
  • Lysdesignar Eivind Myren
  • Musikalsk ansvarleg og komponist Alf Lund Godbolt
  • Lyddesignarar Morten A. Jorsett og Alf Lund Godbolt
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen